For studentar

Praksisplass

Dersom du er interessert i praksisplass, så kan du ta kontakt med oss på rekruttering@dfo.no, og då er det fint om du skriv litt om kva slags studieprogram du går, kva retningslinjer som gjeld for praksisordning for studiestaden din og omfanget. Inkluder gjerne CV og karakterutskrift. Vi kjem så til å undersøke internt om det finst moglegheiter for å ta inn ein praksiskandidat.

Bachelor-/masteroppgåve

Vil du skrive bachelor- eller masteroppgåve i samarbeid med DFØ? Då set vi pris på om du kan fortelje litt om studieprogrammet du går på, kva slags tema du eventuelt har sett føre deg, og kva dine forventingar til eit samarbeid vil vere. Vi kjem så til å undersøke med dei avdelingane som kan vere aktuelle, om det finst kapasitet til å bidra til oppgåva di. Kontakt oss på rekruttering@dfo.no.

Informasjon om DFØ

For informasjon om DFØ, så viser vi til heimesidene våre www.dfo.no. Her finn du informasjon om DFØ som organisasjon, i tillegg til at du får tilgang til ei rekkje rapportar og statistikk over dei områda vi jobbar med.

Hannah skreiv bacheloroppgåve i samarbeid med DFØ

Hannah studerer samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, og oppgåva hennar handla om tillit til politiet. Ho brukte data frå innbyggjarundersøkinga til å sjå nærmare på gapet i tilliten til politiet mellom menn og kvinner. Hovudfunnet hennar er at forskjellane mellom kjønn eigentleg handlar om tilfredsheit, erfaring og haldningar til det offentlege. Les meir om samarbeidet i denne artikkelen.